søndag 30. desember 2012

Ny økt 30.12

Målet er ein time anna kvar dag, det er hardt, men godt å få svette igjen. Litt styrketrening etter på...

Fyrst måtte det til ein halvtime med stramming av kjede, neppe skrudd ein skrue på denne sykkelen før;)

No er sykkelen installert på kontoret, TVen frå båten er henta heim, men treng straum kabel sida den medfylgjande er fastmontert i båten... Uansett gjorde Ipaden og videoar frå blur.se jobben mesteparten av tida denne gongen...

lørdag 29. desember 2012

Spinningsykkel!

Etter Kattnakken turen kom vinteren, i av- og på versjon samtidig vart set vanskelig å sykle pga mørket i vekene. Med hektiske helger har dermed sykkelen stått urørt sidan, dumt når formen absolutt var stigande, men det er ei utfordring å finne tid til sykling i beste sende tid i heimen.

Me lånte ergometersykkelen te moderen før jul, men det var heilt umulig å halde intensiteten oppe og det verka i heile kroppen etter ein time på denne... Etter 3-4 slike økter leverte me den fint tilbake!

På ynskjelista til jul stod derfor Spinningsykkel øverst! Men kva skal ein velge? Mykje dritt på markedet, haldt på å kjøpe ein på InterSport te 2.500, knall tilbud påstod dei, men det var før eg fekk prøvd den og satte meg inn i dette, for noko drit.
Ein skikkelig sykkel for ein kar på 100 kg er ikkje rimelig, minimum 5000 må du regne med og tilbuda er stort sett på dei rimelege modellane...

Hobbyane mine har ein tendens til å koste mykje pengar, nye seil i vår og no den plutselege sykkelinteressa;) Det var derfor eit poeng å ikkje velge frå øverste hylle også denne gongen sjølv om det ikkje er snakk om dei store summene...

I romjula dukka det opp ein 2 år gml Merida Three Spin på finn.no i Bergen. Heilt som ny te 2 lappar så eg heiv meg i litle bilen, kjørte til Bergen og henta den. Super sak med 22 kg svinghjul og veldig stødig konstruksjon! XXL sel denne for 5.500 så ikkje noko å sei på prisen:)

Lett patetisk å sitte på Halhjem som 40 åring, det er tre dagar til Nyttår og eg har på mirakuløst vis fått ein diger Spinningsykkel inn i ein knøttliten Toyota Aygo;)

Vel, vel. Første økta vart seint i går, men ein merkar med ein gong at dette er heilt noko anna enn ergometersykkel. Puls og svette kjem av seg sjøl, antakelig mykje meir effektivt enn vanlig sykklig også, men sjølvsagt ikkje så kjekt som terrengsykling, men no vert det jevn trening heile året;)