søndag 19. mai 2013

Midtfjellet vindkraft

Proppfull av motivasjon etter at formkurva endelig peikar skikkelig oppover stod eg opp kl 0730 1. Pinsedag, rigga bilen med sykkel og tilbehør og kjørte til Fitjar.

Fantastisk tur 18 grader og vindstille kl 09 ved start. Først Svartavatnet, det er tungt opp, men deilig å kjenne at ein ikkje må heilt i kjellaren for å komme seg opp, roleg og pyntelig, men nokre skikkelige bakkar er det jo!

Videre frå Svartavatnet gjekk det mot austsida. Kult å sjå ned til Vistvikjo. Like nedanfor Hanfjeldsåto. Derfrå måtte eg returnere for å rekke ein sein frokost. Ca 100 meter oppigjen samme veg eg kom før det blir heftige nedoverbakkar!

Fantastisk å kunne sykle her, ca 25 grader og berre lett vind, betre blir det IKKJE:)

Til endes ved Vannverket!

17. MAI!

Litt tungt å komme seg ut, turen rundt Stord tok på, litt skuffa over at det fortsatt var så tungt sjølv om forma er i betring.
Stor opptur å merke stor framgang i dag. Turen rundt og ei veke kvile
med anna trening hadde verkelig satt sine spor! 3 min raskare oppe til Vannverket enn sist for 14 dg sidan og då tok eg meg meir ut også!
No var grusen på den bratte vegen opp derfrå til demningen feia bort så eg la i veg videre, flott tur. Det er bratt, men med roleg sykling klarar eg no å halde ein fornuftig puls:)

Vel oppe måtte eg sjølvsagt klatre opp på demningen, flott utsikt, artig stige

Stord Rundt!

10. MAI!
Fredag og lite bilar si mange har tatt langhelg så eg legg avgårde til jobb på sykkel. 62 km, då syklar eg rundt øya. Litt kjipt å sykle på austsida, det var tungt heim som sist eg gjorde dette, men det kjem seg:)

Mehammar

4. MAI!

Da e 23 km tur/retur Mehammar-Knappane. Ei grei strekka uten terreng. Eit par min raskare enn samme strekk i fjor haust, kjenne formen e litt stigande. Uansett e da fortsatt tungt!

fredag 3. mai 2013

Lundseter kraftverk!

Etter at eg melde meg på dytt.no saman med ein gjeng kollegaer er det enda enklare å komme seg ut, men det vart eit slit i går å sykle opp til Lundastølen. Det er enda langt frå formen eg hadde når eg sykla heilt til topps i fjor haust!

Byrja på den nye vegen frå Kraftverket og opp til rørgata, men var for sliten og såg at det var bratt og skummelt mykje grus på asfalten til turen nedover...

onsdag 1. mai 2013

Landåsen!





Frå no av vert det trening for fult! Litt usikker på kva det inneber, men ribbeinet kan eg iallefall ikkje skylde meir på no:)

1 time og 20 min tur frå Knappane via Kattatveit, på måfå gjennom Landåsen til eg kom ut ved Heiane. Heim gjekk det på asfalt via Yrkesskulen ned ved SKL og Hystadvegen. Meir enn langt nok med dagens formsituasjon.

Løypa var periodevis for steinete, men høg puls i motbakkane gjorde det til ein fin treningstur.

Endomondoen stoppa ved Kiwi og kom ikkje i gang igjen, men eg sykla heilt heim igjen, sjølvsagt;)