søndag 17. mars 2013

On the Road again:)

Etter ein del ikkje heilt inspirerande runda med Spinning sykkelen i løpet av vinteren var det i dag klart for den fyrst skikkelige økta på sykkelen utendørs igjen.

Vips var motivasjonen der igjen, flott tur på måfå. Målet var Vannverket, men det var fortsatt is innover i skogen så eg måtte droppe prosjektet. Div forsøk innover ukjente stiar på jakt etter nye muligheter for ekte terrengsykling enda på trynet med låste bein. Ein liten isbite på eit par meter burde gå fint, men isen var råtten og gav etter og vips skar framhjulet ut og låg i steinrøysa, ikkje godt, men, men:). Det er utrulig kor mykje ein får vurdert frå det skjer til ein treff bakken:) 3 velten til no i "karrieren", dårlig start, men nokre blåmerker tåler me, ingen merker i sykkelen, det var jo viktigast sjølvsagt:)