søndag 30. september 2012

Søndagstur!

Litt spent på formen i dag etter nesten 7 mil på torsdag, men det gjekk overraskande bra og det er utrulig godt å kjenne at ein gradvis kan trø meir på i motbakkane. Det er også interessant å sjå at pulsen har gått ned, no ligg pulsen på 160 opp frå Kyvik, dei fyrste gongar vart den veldig fort 170 i lettaste giret, no går det i gir nr 2... Smidig merker eg at det no går ann å trø på i ein bakke uten å stryke med etterpå...

Prøvde meg på traktorveien opp frå Grov i dag, etter at eg tok ein svipptur på vegen nedanfor Grovasletto, kjekt å unngå den og trafikken ser og det går egentlig veldig greit å sykle nedanfor. Opp frå Grov var det mykje grov stein, ellers fint, men litt kort terrengsti før ein var ute på asfalten igjen, eg tok derfor ut på måfå innover på andre sida av Lundaerervegen eg var kommen ut på. Det var ein flott vei, tryna ein gong i ein bratt oppoverbakke med klikktrøene på, vips mista eg feste og vart ståande i ro;) og dermed tippa det for andre gong med dei nye skoa, men det er konge med klikksko uansett!

Veien enda i ein mørdabakke eg måtte gå opp med 180 i puls, klarte å sykle 1/4 av veien før det vart for laust. Klok av skade uten skoa festa til trøene:)

Super tur og motivasjonen er fortsatt på topp, fantastisk å kjenne seg litt sprek igjen etter 10 år med forfall...

torsdag 27. september 2012

Stord Rundt, samme dag!



I dag hadde eg planlagt å sykle til jobb og få skyss heim for meg og sykkelen i pappa sin varebil. Eg starta når det vart lyst og brukte 1 time og 19 minutt på dei vel 3 mila til Fitjar. Det gjekk ikkje så fort, men flott tur der eg ikkje måtte heilt i kjellaren!

Utover dagen byrja tanken om å sykle heim på vestsida for å ha sykla heilt rundt Stord å friste meir og meir.

Samtidig fekk eg avtale med Davide om ein sjekk av sykkelen heime hos han på Vestbøstad, etter jobb. Knall, no er det rett trykk i demparen, returen i den er justert, den var heilt feil. Ellers vart alt anna sjekka av eksperten som designa nettopp syklar i Italia før han flytta til Finland og no Norge.

Returen vest om Storavatnet via Sagvågen og heim vart tung, som venta. Men eg kan fortsatt gå og er veldig fornøyd med å ha gjort det. Fleire slike turar vert det ikkje før formen er betydelig betre, men det gjekk alt i alt overraskande bra!:)




mandag 24. september 2012

On The Road Again...

Endelig er kroppen 100% igjen. I iveren etter å komme i gang med syklinga når sykkelen kom på Posten satte eg i gang med to tunge turar utan å vere heilt frisk. Det i kombinasjon med Bergen Singlehanded straffa seg, eg vart iallefall lengre sjuk etterpå enn eg noko gong har vore før! Dermed har sykkelen fått stå i ro sidan 6. september!



















I helga fekk eg barnevakt (mor sprang halvmaraton i Oslo) så eg kunne ta meg ein tur lørdag kveld innimellom all seilinga;) Litt utan mål og meining la eg nordover langs hovedvegen, litt lite luft i demparen gjer at eg må vere litt forsiktig i terrenget til eg får ordna det...

Medan eg tolmodig har venta på å komme i form har eg handla utstyr for 1000ner. Bukse, skjorte, ny hjelm, vanntette sko, sykkelfeste til bilen og ikkje minst computer med GPS og pulsmålar;) vips så var ikkje sykkelen så dyr lengre. Eg er ein utstyrsfrik, eg veit det!

Det er interessant å sjå pulsen, eg tar ikkje mykje i før den legg seg på 160-165. Står eg på bikkar den 180, målet er å ligge på 160-165... Meir enn nok i starten.

Turen vart flott i nydelig haustver, 23 km på 1 time og 8 minutt er svakt, men, men neste mål er å sykle til Fitjar... Startar med ein veg fyrst! Satsar på eg får haike heim med moderen;)

Målet er å komme i form, men det er jo også veldig mykje lettare å få fokus på kostholdet når ein trenar, det blir liksom meiningslaust å trø i tryne på usunn mat då... Pt har 4 kg forlatt meg, godt hjulpe av dårlig matlyst når eg var sjuk, målet er 8-10! Fokuset er satt på overspising, et til du er mett, men ikkje meir. Det trur eg er nok til å oppnå målet, men eg prøver også unngå for mykje usunt og held meg til reint gotteri berre i helgane...

torsdag 6. september 2012

Lysløypa!

Tirsdag fekk sykkelen stå i fred, onsdag sykla eg og Ola ein liten tur, då vart eg overraska over at det ikkje gjorde meir vondt etter forrige tur så torsdag kveld fann eg ut at Fjellgardane stod for tur. Eit helseslit opp, men fortsatt ved godt mot så eg sykla likegodt opp til Lundarstølen og tok ein runde i lysløypa, det var tyngre enn eg hadde trudd... Dette vart ein for hard tur for ein uttrent, men, men...

mandag 3. september 2012

Fyrste tur!

Til tross for forkjølelsen klarte eg ikkje å vente med den fyrste turen, så i lett regnvèr bare det avgårde rundt Ådlandsvatnet. Min idè om at det fantes krusveg heile vegen rundt stemte dårlig, men greit tur likevel på delvis, grus, asfalt og skogsveg til eg kom ut ved Litlabø og kortaste veg heim på hovedvegen. Her kan ein jo svippe innom Landåsen og så sykle Hystadvegen heim, kjekkare og lengre...

Løpet var 14,99 km og eg brukte 57 minutt! Dårlig snittfart, men da va ikkje poenget, dessuten stod eg i 3-4 minutt i ein telefon, ellers var det nokre avstikkarar som var bomtur så dette var ein "gjer seg kjent tur". Grei løype, men kjeldlig med grindar som må opnast og lukkast når ein er meir i "trim-modus" enn i tur modus... Sykkelen trilla godt, toppfarten for dagen, 59.5 km ned mot Ådlandsbrua kom av seg sjølv...

Det gjekk overraskande lett, formen er elendig, men sykkelen går nermast av seg sjølv så lenge det ikkje er tunge oppoverbakkar. Sykkelen fungerer bra, det er nok for lite luft/trykk i demparen, det må eg sjå på, syns den gav seg mykje, dette har eg ikkje peiling på så no skal eg få ein på jobb til å sjå over sykkelen før eg ødlegg noko:)


Sjukt sliten, men kjekt. Headset er nok
ikkje anbefalt på sykkel, men, men...

Ferdig spylt og til trøk på vaskerommet

647 cal seinare...

Kjekt program, litt bomtur på Tveita, måtte snu

søndag 2. september 2012

Sykkel i Posten!

Målet er å komme i form ved å starte med terrengsykling, samt litt bedriftsidrett! Den 15 år gml Meridaen var sliten og du store verden for ein forskjell å sykle på den nye... Den var fantastisk!

29er er voldsomt i skuddet, men etter å ha prøvd det fann eg, etter litt betekning, ut at 26er blir like greit til mitt bruk. Nakamuraen (5.0 Grade) er veldig lett, 9,5 kg og med 26er gir det ein veldig kvikk sykkel slik eg likar, kraftig og leken reaksjon... så får me heller være litt meir forsiktig i nedoverbakke sidan 29eren rullar lettare over ting enn 26er...

Grepgir frå Sram (xo) var det andre som frista meg, med denne Nakamuraen, så får me erfare litt, men første tur virka dette heilt optimalt... Dvs slik eg forventa...

Dette er ikkje noko ekstremt dyr sykkel, alu.ramme og veil pris 14.990,-, men på nettet fann eg den til under 10.000 som var smertegrensa, så den vart kjøpt på InterSport på Fagernes, veldig hyggelig betjening så får me sjå om det går greit no når eg såg at framlyset var sprekt i klaset og dermed ikkje lar seg skru fast... Ein ørliten reklamasjon som eg antar går fint!

Sjøl om du har kjøpt sykkel så er det ein del ting ein "må" ha i tillegg kan du sei:

- pedalar
- skjermar
- lys
- "horn" på styret
- flaskeholder
- hjelm
- sykkelsko
- sykkeljakke
- sykkelbukse
- bilstativ

Skal ein kjøpa alt dette nytt kjem det på mange tusen! Eg har berre sykkeljakke som er funnen brukande, resten byttes no ut i nytt, så budsjettet på 10.000 lappar rykt. Skjermar, pedalar, "horn" på styret, flaskeholder og lys kjøpte eg på Fagernes og vips var prisen var oppe i 10.800.- på døra. Sko, ny hjelm og bukse samt stativ til bilen skal eg kjøpe på XXL er planen, mykje å spare ser det ut til... Det blir minst 2.000 til så eg regnar med eg er i mål med ca 3.000 over budsjett!


Inn i stua for skruing, sjølvsagt:)
Klart for første tur!