mandag 1. juli 2013

Kattnakken!

Vel heime frå det gode, men late liv i Spania var det på høg tid med ei skikkelig økt på sykkelen.

Eg la ut mot Grov, inn i skogen der og valgt ei ny løype der eg ikkje hadde prøvd før, flott å sykle der, eine vegen var blindvei og enda i ulent sti der ein må bere sykkelen, men eg skal prøve ut det ein gong for å sjå kor ein endar.

Denne gongen snudde eg og fortsatte mot sør og etter litt gåing gjennom ei myr var det flott traktorvei igjen før eg kom inn på Lundarstølvegen rett før det blir skikkelig bratt.

Vel, flott vêr og god motivasjon sende meg heilt opp på Kattnakken, for andre gong på sykkel! Det er tungt, men motivande å kjenne at berre litt slakkara bakkar enn dei verste gir "kvile", nok til at pulsen går ned og beina hentar seg litt inn igjen.

Litt mobiltrøbbel gav ein ustabil Endomondo, etter toppen sykla eg innom pappa i Tverrgardsveien, derfrå og heim var det tomt for straum også på Iphonen, men uansett. Det vart ei skikkelig økt ut av det!