søndag 16. juni 2013

Steinsvik Group ritt 2013

Mitt aller første ritt, gjekk av stabelen i går. Veldig spent på korleis dei 56 km kom til å arte seg. Eg la meg heilt sist i siste gruppe, men det var jo veldig passivt, det vart mange å sykle forbi, det vart litt kavete og ineffektivt på dei smale partia. Men det var jo motiverende også:)

Vel, eg stressa mykje og låg på høg puls uten egentlig å ta meg ut, eg holdt litt igjen pga høgare puls enn vanlig og dermed var eg ikkje særlig sliten når eg kom i mål sjølv om eg merka det litt i dei siste bakkane.

Løypa var fantastisk syns eg, eg har aldri sykla ei så flott løype og det var mykje folk ute både for å heie og for å passe på oss, blant anna kom det godt med at det stod ei dame med fløyte i ein uoversiktlig knapp sving på grus. Eg hadde nok enda i grøfta der uten!

Alt i alt veldig flott, litt ødelagt av den høge pulsen, spes ette målgang tok det svært lang tid å komme ned igjen. Låg lenge på 120-130 og det har eg ikkje opplevd før. Kom under 100 når eg ka meg ned på bakken i 10 minutt, normalt har pulsen stupt under siste når ein har stoppa eller fått flate/nedoverbakke. Blir nok ein sjekk for sikkerhetsskyld før eg igjen pressar meg igjen.

Vel 2,47 var godt under målet på under 3 timar så eg er godt nøgd. Det beste er at me har hatt ein familietur på sykkel i dag og eg kjenne knapt at eg har sykla så det er litt rart dette. Eg syns jo det gjekk ganske friskt til tider også ifht det tempoet eg har holdt til no iallefall, men det er 1 time opp til nr 1 i 40-44 års klassen så litt er det nok å hente får ein tru:) Sjukt egentlig at ein kan sykle denne løypa 1 time fortare!

onsdag 5. juni 2013

Til Fitjar på to hjul!

Det byrjar å nerme seg kraftig Steinsvik Group Rittet og det er dårlig med tid til trening. Var i båten til over kl 24 for å gjere klart til årets Stord Rundt. Avgårde Kåre kl 0645.

Ikkje noko bra tur, vondt i knokane på revo og høg puls ved belastning. Hmmm, ingen energibar før start, trur den er viktig, får handla på veg heim.

Prøvde å halde nede pulsen i dag, ekspertisen meinar eg trenar med for høg puls, men det er ikkje lett, havna på snitt på 159, mot 160 sist...

Return tok eg på austsida, det går egentlig veldig greit om du slepp unna ferjetrafikken på dei strekka du er på vegen, synd dei ikkje har klart å knytte saman stien på Mehammar, idiotisk at ein må ut i vegen der ein 1 km. Der kom sjølvsagt trafikken og ein må jo over vegen også!

Ved Raunholm kom det ei skikkelig regnbyge som varte til Jektevik, søkkvått og tung motvind, men det skein opp igjen og løya så resten av strekket vart bra.

Ved Grov kan du sykle på ei sti nedanfor vegen så ein slepp å enda ein gong sykle på vegen.

Klarte å få lågare puls heimover med 152 i snitt, va samme fart som før

Mot bommen

3 dagar sidan forrige tur, mot bommen, men ville ikkje sprenge meg heilt så eg gav meg på brua ovanfor Lundarstølen og tok heller ein tur gjennom lysløypa på veg ned igjen. Merkar at pulsen går ned og forma betrar seg. Tross lågare puls var det raskaste tid tid Lundarstølen til no i år! 4 min betre enn første gongen og 1 min betre enn forrige gong...

Til Fitjar

Ein jobbtur, 29. Mai. 10 dagar sidan forrige tur er altfor lenge i mellom, men båtpuss og anna krev sitt!