tirsdag 16. oktober 2012

Ravatnet

I dag hadde eg ingen mål for turen og dermed sykla eg på måfå oppover mot Fjellgardane, tok inn ved Vad og sykla innover ein relativt ulent skogsvei, men det var sykkelspor der så andre tullingar hadde tydligvis vore derfor meg, etterkvart kom eg ut på flott grusvei som vise seg å vere Varnadalsvegen. Kjempebra til eg kom til pumpehuset. Ser skulle eg gitt meg, men sidan eg ikkje hadde peiling på kvar eg var måtte eg jo prøve oppover. Det vart gåing dei verste bakkane etter at eg sprengte meg fullstendig oppover fyrste bakken med 195 i puls to gonger! Vel, eg kom til Ravatnet til slutt og innsåg at eg måtte ned samme veg, det vart ein heftig retur, i tillegg byrja det å mørkne, med min teknikk er denne nedfarten altfor bratt.

Vel ned, tok eg Vatnavegen tilbake... Tyngste tur til no...

onsdag 10. oktober 2012

Lengst mulig vei til båten!

Forrige veke vart så hektisk at eg verken fekk sykla eller vore med på bedriftsidrett mandagen, det fekk eg merke i dag når eg endelig kom på salen igjen, for pulsen gjekk i taket for den minste ting. Veldig mykje motivasjon gav "heart rate alarm" heile 8 gonger på turen i dag (over 180 i puls). Kanskje ikkje så smart, men med mykje saft i beina som no er heilt restituert kom det av seg sjølv. Det er heilt utrulig kor vanskelig det er å halde igjen og det er sjølvsagt godt å kjenne at ein kan halde farten opp over også og ikkje berre i nedoverbakke der det veldig lett går 50-60 km/t...

I dag tok eg turen til båten for å ta av landstraumen, men eg valgte "lengste mulige" vei så fyrst sykla eg nedom Hystadmarka, og så gav eg på opp mot Storhaug og satte hear rate rekord med 190 i puls, men eg føle at eg kan gi enda litt til, maks pulsen på ein 40 åring skal vere 180 så best å ta det litt med ro:)

Videre tok eg asfalten til båthavna og til tross for at det var begynt å mørkne på vei heim sykla eg til Heiane og inn i Landåsen og i mørke med heller dårlig lys suse eg gjennom skogen til utløpet ved Yrkesskulen, det trengs meir lys om dette skal vere kontrollert, det kan jo komme både hull i veien og joggarar:) Så vart det Hystadvegen heim, 26,1 km på 1 time og 23 minutt, ikkje så dårlig snittfart på ein slik tur.

Vel, no er det haustferie så me får håpe det vert eit par turar til før det er dags for revisjon og dårlig med tid til trening igjen. Det er jo også vanskelig med mørket på sykkel så det er vel snart berre helgane igjen som er mulige å nytte til sykling på fornuftig vis.