mandag 1. juli 2013

Kattnakken!

Vel heime frå det gode, men late liv i Spania var det på høg tid med ei skikkelig økt på sykkelen.

Eg la ut mot Grov, inn i skogen der og valgt ei ny løype der eg ikkje hadde prøvd før, flott å sykle der, eine vegen var blindvei og enda i ulent sti der ein må bere sykkelen, men eg skal prøve ut det ein gong for å sjå kor ein endar.

Denne gongen snudde eg og fortsatte mot sør og etter litt gåing gjennom ei myr var det flott traktorvei igjen før eg kom inn på Lundarstølvegen rett før det blir skikkelig bratt.

Vel, flott vêr og god motivasjon sende meg heilt opp på Kattnakken, for andre gong på sykkel! Det er tungt, men motivande å kjenne at berre litt slakkara bakkar enn dei verste gir "kvile", nok til at pulsen går ned og beina hentar seg litt inn igjen.

Litt mobiltrøbbel gav ein ustabil Endomondo, etter toppen sykla eg innom pappa i Tverrgardsveien, derfrå og heim var det tomt for straum også på Iphonen, men uansett. Det vart ei skikkelig økt ut av det!

søndag 16. juni 2013

Steinsvik Group ritt 2013

Mitt aller første ritt, gjekk av stabelen i går. Veldig spent på korleis dei 56 km kom til å arte seg. Eg la meg heilt sist i siste gruppe, men det var jo veldig passivt, det vart mange å sykle forbi, det vart litt kavete og ineffektivt på dei smale partia. Men det var jo motiverende også:)

Vel, eg stressa mykje og låg på høg puls uten egentlig å ta meg ut, eg holdt litt igjen pga høgare puls enn vanlig og dermed var eg ikkje særlig sliten når eg kom i mål sjølv om eg merka det litt i dei siste bakkane.

Løypa var fantastisk syns eg, eg har aldri sykla ei så flott løype og det var mykje folk ute både for å heie og for å passe på oss, blant anna kom det godt med at det stod ei dame med fløyte i ein uoversiktlig knapp sving på grus. Eg hadde nok enda i grøfta der uten!

Alt i alt veldig flott, litt ødelagt av den høge pulsen, spes ette målgang tok det svært lang tid å komme ned igjen. Låg lenge på 120-130 og det har eg ikkje opplevd før. Kom under 100 når eg ka meg ned på bakken i 10 minutt, normalt har pulsen stupt under siste når ein har stoppa eller fått flate/nedoverbakke. Blir nok ein sjekk for sikkerhetsskyld før eg igjen pressar meg igjen.

Vel 2,47 var godt under målet på under 3 timar så eg er godt nøgd. Det beste er at me har hatt ein familietur på sykkel i dag og eg kjenne knapt at eg har sykla så det er litt rart dette. Eg syns jo det gjekk ganske friskt til tider også ifht det tempoet eg har holdt til no iallefall, men det er 1 time opp til nr 1 i 40-44 års klassen så litt er det nok å hente får ein tru:) Sjukt egentlig at ein kan sykle denne løypa 1 time fortare!

onsdag 5. juni 2013

Til Fitjar på to hjul!

Det byrjar å nerme seg kraftig Steinsvik Group Rittet og det er dårlig med tid til trening. Var i båten til over kl 24 for å gjere klart til årets Stord Rundt. Avgårde Kåre kl 0645.

Ikkje noko bra tur, vondt i knokane på revo og høg puls ved belastning. Hmmm, ingen energibar før start, trur den er viktig, får handla på veg heim.

Prøvde å halde nede pulsen i dag, ekspertisen meinar eg trenar med for høg puls, men det er ikkje lett, havna på snitt på 159, mot 160 sist...

Return tok eg på austsida, det går egentlig veldig greit om du slepp unna ferjetrafikken på dei strekka du er på vegen, synd dei ikkje har klart å knytte saman stien på Mehammar, idiotisk at ein må ut i vegen der ein 1 km. Der kom sjølvsagt trafikken og ein må jo over vegen også!

Ved Raunholm kom det ei skikkelig regnbyge som varte til Jektevik, søkkvått og tung motvind, men det skein opp igjen og løya så resten av strekket vart bra.

Ved Grov kan du sykle på ei sti nedanfor vegen så ein slepp å enda ein gong sykle på vegen.

Klarte å få lågare puls heimover med 152 i snitt, va samme fart som før

Mot bommen

3 dagar sidan forrige tur, mot bommen, men ville ikkje sprenge meg heilt så eg gav meg på brua ovanfor Lundarstølen og tok heller ein tur gjennom lysløypa på veg ned igjen. Merkar at pulsen går ned og forma betrar seg. Tross lågare puls var det raskaste tid tid Lundarstølen til no i år! 4 min betre enn første gongen og 1 min betre enn forrige gong...

Til Fitjar

Ein jobbtur, 29. Mai. 10 dagar sidan forrige tur er altfor lenge i mellom, men båtpuss og anna krev sitt!

søndag 19. mai 2013

Midtfjellet vindkraft

Proppfull av motivasjon etter at formkurva endelig peikar skikkelig oppover stod eg opp kl 0730 1. Pinsedag, rigga bilen med sykkel og tilbehør og kjørte til Fitjar.

Fantastisk tur 18 grader og vindstille kl 09 ved start. Først Svartavatnet, det er tungt opp, men deilig å kjenne at ein ikkje må heilt i kjellaren for å komme seg opp, roleg og pyntelig, men nokre skikkelige bakkar er det jo!

Videre frå Svartavatnet gjekk det mot austsida. Kult å sjå ned til Vistvikjo. Like nedanfor Hanfjeldsåto. Derfrå måtte eg returnere for å rekke ein sein frokost. Ca 100 meter oppigjen samme veg eg kom før det blir heftige nedoverbakkar!

Fantastisk å kunne sykle her, ca 25 grader og berre lett vind, betre blir det IKKJE:)

Til endes ved Vannverket!

17. MAI!

Litt tungt å komme seg ut, turen rundt Stord tok på, litt skuffa over at det fortsatt var så tungt sjølv om forma er i betring.
Stor opptur å merke stor framgang i dag. Turen rundt og ei veke kvile
med anna trening hadde verkelig satt sine spor! 3 min raskare oppe til Vannverket enn sist for 14 dg sidan og då tok eg meg meir ut også!
No var grusen på den bratte vegen opp derfrå til demningen feia bort så eg la i veg videre, flott tur. Det er bratt, men med roleg sykling klarar eg no å halde ein fornuftig puls:)

Vel oppe måtte eg sjølvsagt klatre opp på demningen, flott utsikt, artig stige

Stord Rundt!

10. MAI!
Fredag og lite bilar si mange har tatt langhelg så eg legg avgårde til jobb på sykkel. 62 km, då syklar eg rundt øya. Litt kjipt å sykle på austsida, det var tungt heim som sist eg gjorde dette, men det kjem seg:)

Mehammar

4. MAI!

Da e 23 km tur/retur Mehammar-Knappane. Ei grei strekka uten terreng. Eit par min raskare enn samme strekk i fjor haust, kjenne formen e litt stigande. Uansett e da fortsatt tungt!

fredag 3. mai 2013

Lundseter kraftverk!

Etter at eg melde meg på dytt.no saman med ein gjeng kollegaer er det enda enklare å komme seg ut, men det vart eit slit i går å sykle opp til Lundastølen. Det er enda langt frå formen eg hadde når eg sykla heilt til topps i fjor haust!

Byrja på den nye vegen frå Kraftverket og opp til rørgata, men var for sliten og såg at det var bratt og skummelt mykje grus på asfalten til turen nedover...

onsdag 1. mai 2013

Landåsen!





Frå no av vert det trening for fult! Litt usikker på kva det inneber, men ribbeinet kan eg iallefall ikkje skylde meir på no:)

1 time og 20 min tur frå Knappane via Kattatveit, på måfå gjennom Landåsen til eg kom ut ved Heiane. Heim gjekk det på asfalt via Yrkesskulen ned ved SKL og Hystadvegen. Meir enn langt nok med dagens formsituasjon.

Løypa var periodevis for steinete, men høg puls i motbakkane gjorde det til ein fin treningstur.

Endomondoen stoppa ved Kiwi og kom ikkje i gang igjen, men eg sykla heilt heim igjen, sjølvsagt;)

torsdag 25. april 2013

På'an igjen!

 
 
Påsken enda med knall og fall. Hjernerystelse og knekte ribbein gjorde at det vart nødvendig med enda ein treningstopp. No snart 4 veker etter kjenner eg det fortsatt godt, men starte med syklinga igjen no, det gjekk fint i går, men himmel og hav kor tungt det var. Satse på litt intensiv trening no for å komme raskt opp på eit litt meir komfortabelt nivå!

Turen i går gjekk til Vannverket, det er ein super tur, men blaut grusveg drar krefter så pulsen var rett som det var over 180 enda dette skulle vere ein heilt rolig tur. På tida ser det ut som ein søndagstur:(

15.6 er det Steinsvik Group Ritt i Tyssvær og e har meldt meg på i tur klassen, treng noko å trene mot:)

http://ckh.no/falkeid-il-og-ch-haugaland-lager-sykkelfest/

Dette er erstatningsløpet til Hårfagrerittet som vart avlyst, her er løypa, den ser heilt kurrant ut

http://www.endomondo.com/routes/175448161

søndag 17. mars 2013

On the Road again:)

Etter ein del ikkje heilt inspirerande runda med Spinning sykkelen i løpet av vinteren var det i dag klart for den fyrst skikkelige økta på sykkelen utendørs igjen.

Vips var motivasjonen der igjen, flott tur på måfå. Målet var Vannverket, men det var fortsatt is innover i skogen så eg måtte droppe prosjektet. Div forsøk innover ukjente stiar på jakt etter nye muligheter for ekte terrengsykling enda på trynet med låste bein. Ein liten isbite på eit par meter burde gå fint, men isen var råtten og gav etter og vips skar framhjulet ut og låg i steinrøysa, ikkje godt, men, men:). Det er utrulig kor mykje ein får vurdert frå det skjer til ein treff bakken:) 3 velten til no i "karrieren", dårlig start, men nokre blåmerker tåler me, ingen merker i sykkelen, det var jo viktigast sjølvsagt:)

søndag 17. februar 2013

Over-ambisiøse mål!

Målet etter nyttår var ei økt anna kvar dag, men 4 økter den siste mnd fortel viser jo at det var over-ambisiøst! Justerte mål er ei kort økt med høg intensitet i veka samt ei lengre økt i helga. Sidan me no vil reise mykje til fjells, blir det då mest på ski eller ei skikkelig svømmeøkt i bassenget på Solfonn. Det er egentlig supert med trening for overkroppen så det blir bra!

God økt i dag med 1 time og 15 min med middels til høg intensitet.

Sendt fra min iPhone

torsdag 17. januar 2013

I rute...

Målet er 1 tima anna kvar dag, det var altså i dag allerede og tungt å dra seg opp av sofaen etter middag, men må du så må du. Økta gjekk mykje lettare i dag ifht tirsdag, det var veldig oppløftande og kanskje blir det greiare å motivere seg framover, men savnet etter ein frisk tur samtidig som ein trenar er påtakelig.

onsdag 16. januar 2013

Fyrste økt i 2013

Elendig start på nytt år, men årsoppgjøret har tatt all tid til no. 1 time på spinningsykkelen i går kveld, godt, men tungt! Godt å komma i gang. Håpa det blir mildvær igjen no nå det lysner på kveldane så skal eg ut, det er ikkje allverdens motiverende med spinning, men ekstremt effektivt...

Snittpuls på 148 e vel rimelig greit, men skal ikkje mykje belastning til før den går i taket så her trengs meir trening...