tirsdag 16. oktober 2012

Ravatnet

I dag hadde eg ingen mål for turen og dermed sykla eg på måfå oppover mot Fjellgardane, tok inn ved Vad og sykla innover ein relativt ulent skogsvei, men det var sykkelspor der så andre tullingar hadde tydligvis vore derfor meg, etterkvart kom eg ut på flott grusvei som vise seg å vere Varnadalsvegen. Kjempebra til eg kom til pumpehuset. Ser skulle eg gitt meg, men sidan eg ikkje hadde peiling på kvar eg var måtte eg jo prøve oppover. Det vart gåing dei verste bakkane etter at eg sprengte meg fullstendig oppover fyrste bakken med 195 i puls to gonger! Vel, eg kom til Ravatnet til slutt og innsåg at eg måtte ned samme veg, det vart ein heftig retur, i tillegg byrja det å mørkne, med min teknikk er denne nedfarten altfor bratt.

Vel ned, tok eg Vatnavegen tilbake... Tyngste tur til no...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar