lørdag 17. november 2012

Oppdatering


Det er lenge sidan eg oppdaterte bloggen no, men det har ikkje vore berre kvile for sykkelen for det. Etter Ravatnet som er forrige blogginnlegg har eg hatt fylgjande turar:

18. okt:
Til Svartavatnet frå Vik-Sandvik, dessverre vart eg og ein kollega nekta når me kom opp dei blodtunge fyrste 300 høgdemetrane. Veien var stengt i vekene...
20. okt:
Eit sjøslag kvelden før gjorde at eg tok sykkelen til båthavna for å seile Klasen og Baneseilasen
21. okt:
Heim igjen, pressa meg hardt denne turen og brukte 23 minutt heim
3. nov:
Frå Bruene til Finnås og tilbake, dritkaldt, men flotte veiar å sykle på Bømlo, lite traffik frå Gassasundet og mot Finnås. Flott variert med motbakkar, flater og nedover...
4. nov:
Grov, traktorvegen til nedanfor Lundarstølen og heim, sneik meg til i ei ledig stund
13. nov:
Planen var å komme seg tidlig frå jobb for å få ein tur til Bommen mot Kattnakken, men det enda med laust styre og 40 minutt venting på June som måtte komme med verktøyet som sjøvsagt har logge i jakken heilt til dagen før då det måtte brukast til noko og ikkje gjekk tilbake i jakka sjølv... Ved brua oppanfor Lundarstølen måtte eg gje meg, bekmørkt...
Bekmørkt ved brua ovanfor Lundarstølen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar