lørdag 17. november 2012

Kattnakken opp!

Heilt sidan eg sjokkert oppdaga at det vart arrangert Kattnakken Opp har eg fundert på kor slitsomt det måtte vere.

Tanken på å prøve dette med mål om å berre å komme opp har vore der ei stund og i dag skulle eg få svar på spørsmålet mitt!

Dårlig tid siste mnd har gjort at det ikkje vart så mange turane som eg hadde planlagt før eg skulle prøve meg på dette, men i dag tenkte eg at det antakelig blir siste mulighet i år så eg la ut med hovudmål, bommen på Heio så skulle eg vurdere når eg kom der.

Vel, opp til Lundarstølen går det veldig greit no, det var jo eit helseslit opp der den 2. turen i haust så det er utrulig motiverande å kjenne betring i formen. Eg satsa dermed mot bommen med friskt mot, men øspøs gjorde at eg allerede då var søkkblaut, men med 170-180 i puls kjenner ein lite tid kulda...

Opp til bommen er det eit par "mørdarbakkar" som er alvorlig tunge og som eg ikkje klarar å forsere utan å gå over 180 i puls, til tross for minimal framdrift. Men formen er slik no at ein litt slakkare motbakke er det som skal til for å hente seg inn såpass at ein er klar for neste "mørdarbakke", men fort går det ikkje.

Ved bommen var eg bra sliten, eit par minuttar pause var maks av det som kunne tas før ein byrja for alvor kjenne på kulda og den friske kulingen frå sør. Når ein har noko i hovudet så er det vanskelig å la det gå så kursen vart lagt oppover i skoddeheimen, eg såg ikkje langt og det var kanskje like greit. Det er seriøst bratt oppover og det er seriøst langt, men eg kom inn i eit greit tempo med jevn puls på 180. Oppover er det eit par stader det er litt slakkare. Der klarte eg å hente meg litt inn og få pulsen litt ned, men den var vel ikkje under 170 nokon tid oppover. 

Vel, det var eit slit, det skal eg ikkje legge skjul på, etter svingen fekk eg vinden i trynet og måtte stoppe for å drikke litt i bekken, men med 1,5 grader, øspøs og kuling er det berre å komme seg på sykkelen igjen. Vel, det var ikkje mykje futt igjen når eg kom opp, men eg kom opp og nådde målet.

Ganske stolt tok eg eit par raske bilder før eg la kursen nedover. Regnet piska i trynet og vinden reiv og sleit nedover, her skal du ha skikkelig utstyr og fantastiske bremser, likevel er det tungt press på håndledda nedover og utan briller måtte eg ta det rolig med augene berre litt på gløtt, men uansett tar det ikkje mange minuttane ned i forhold til opp:)

Vel, heimturen gjekk fint og det var ein dyd av nødvendighet å tine opp igjen i badkaret:)

Framover vert det rolegare turar enn dette, det er 100% sikkert!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar