onsdag 5. juni 2013

Til Fitjar på to hjul!

Det byrjar å nerme seg kraftig Steinsvik Group Rittet og det er dårlig med tid til trening. Var i båten til over kl 24 for å gjere klart til årets Stord Rundt. Avgårde Kåre kl 0645.

Ikkje noko bra tur, vondt i knokane på revo og høg puls ved belastning. Hmmm, ingen energibar før start, trur den er viktig, får handla på veg heim.

Prøvde å halde nede pulsen i dag, ekspertisen meinar eg trenar med for høg puls, men det er ikkje lett, havna på snitt på 159, mot 160 sist...

Return tok eg på austsida, det går egentlig veldig greit om du slepp unna ferjetrafikken på dei strekka du er på vegen, synd dei ikkje har klart å knytte saman stien på Mehammar, idiotisk at ein må ut i vegen der ein 1 km. Der kom sjølvsagt trafikken og ein må jo over vegen også!

Ved Raunholm kom det ei skikkelig regnbyge som varte til Jektevik, søkkvått og tung motvind, men det skein opp igjen og løya så resten av strekket vart bra.

Ved Grov kan du sykle på ei sti nedanfor vegen så ein slepp å enda ein gong sykle på vegen.

Klarte å få lågare puls heimover med 152 i snitt, va samme fart som før

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar