søndag 16. juni 2013

Steinsvik Group ritt 2013

Mitt aller første ritt, gjekk av stabelen i går. Veldig spent på korleis dei 56 km kom til å arte seg. Eg la meg heilt sist i siste gruppe, men det var jo veldig passivt, det vart mange å sykle forbi, det vart litt kavete og ineffektivt på dei smale partia. Men det var jo motiverende også:)

Vel, eg stressa mykje og låg på høg puls uten egentlig å ta meg ut, eg holdt litt igjen pga høgare puls enn vanlig og dermed var eg ikkje særlig sliten når eg kom i mål sjølv om eg merka det litt i dei siste bakkane.

Løypa var fantastisk syns eg, eg har aldri sykla ei så flott løype og det var mykje folk ute både for å heie og for å passe på oss, blant anna kom det godt med at det stod ei dame med fløyte i ein uoversiktlig knapp sving på grus. Eg hadde nok enda i grøfta der uten!

Alt i alt veldig flott, litt ødelagt av den høge pulsen, spes ette målgang tok det svært lang tid å komme ned igjen. Låg lenge på 120-130 og det har eg ikkje opplevd før. Kom under 100 når eg ka meg ned på bakken i 10 minutt, normalt har pulsen stupt under siste når ein har stoppa eller fått flate/nedoverbakke. Blir nok ein sjekk for sikkerhetsskyld før eg igjen pressar meg igjen.

Vel 2,47 var godt under målet på under 3 timar så eg er godt nøgd. Det beste er at me har hatt ein familietur på sykkel i dag og eg kjenne knapt at eg har sykla så det er litt rart dette. Eg syns jo det gjekk ganske friskt til tider også ifht det tempoet eg har holdt til no iallefall, men det er 1 time opp til nr 1 i 40-44 års klassen så litt er det nok å hente får ein tru:) Sjukt egentlig at ein kan sykle denne løypa 1 time fortare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar