søndag 30. september 2012

Søndagstur!

Litt spent på formen i dag etter nesten 7 mil på torsdag, men det gjekk overraskande bra og det er utrulig godt å kjenne at ein gradvis kan trø meir på i motbakkane. Det er også interessant å sjå at pulsen har gått ned, no ligg pulsen på 160 opp frå Kyvik, dei fyrste gongar vart den veldig fort 170 i lettaste giret, no går det i gir nr 2... Smidig merker eg at det no går ann å trø på i ein bakke uten å stryke med etterpå...

Prøvde meg på traktorveien opp frå Grov i dag, etter at eg tok ein svipptur på vegen nedanfor Grovasletto, kjekt å unngå den og trafikken ser og det går egentlig veldig greit å sykle nedanfor. Opp frå Grov var det mykje grov stein, ellers fint, men litt kort terrengsti før ein var ute på asfalten igjen, eg tok derfor ut på måfå innover på andre sida av Lundaerervegen eg var kommen ut på. Det var ein flott vei, tryna ein gong i ein bratt oppoverbakke med klikktrøene på, vips mista eg feste og vart ståande i ro;) og dermed tippa det for andre gong med dei nye skoa, men det er konge med klikksko uansett!

Veien enda i ein mørdabakke eg måtte gå opp med 180 i puls, klarte å sykle 1/4 av veien før det vart for laust. Klok av skade uten skoa festa til trøene:)

Super tur og motivasjonen er fortsatt på topp, fantastisk å kjenne seg litt sprek igjen etter 10 år med forfall...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar