mandag 24. september 2012

On The Road Again...

Endelig er kroppen 100% igjen. I iveren etter å komme i gang med syklinga når sykkelen kom på Posten satte eg i gang med to tunge turar utan å vere heilt frisk. Det i kombinasjon med Bergen Singlehanded straffa seg, eg vart iallefall lengre sjuk etterpå enn eg noko gong har vore før! Dermed har sykkelen fått stå i ro sidan 6. september!



















I helga fekk eg barnevakt (mor sprang halvmaraton i Oslo) så eg kunne ta meg ein tur lørdag kveld innimellom all seilinga;) Litt utan mål og meining la eg nordover langs hovedvegen, litt lite luft i demparen gjer at eg må vere litt forsiktig i terrenget til eg får ordna det...

Medan eg tolmodig har venta på å komme i form har eg handla utstyr for 1000ner. Bukse, skjorte, ny hjelm, vanntette sko, sykkelfeste til bilen og ikkje minst computer med GPS og pulsmålar;) vips så var ikkje sykkelen så dyr lengre. Eg er ein utstyrsfrik, eg veit det!

Det er interessant å sjå pulsen, eg tar ikkje mykje i før den legg seg på 160-165. Står eg på bikkar den 180, målet er å ligge på 160-165... Meir enn nok i starten.

Turen vart flott i nydelig haustver, 23 km på 1 time og 8 minutt er svakt, men, men neste mål er å sykle til Fitjar... Startar med ein veg fyrst! Satsar på eg får haike heim med moderen;)

Målet er å komme i form, men det er jo også veldig mykje lettare å få fokus på kostholdet når ein trenar, det blir liksom meiningslaust å trø i tryne på usunn mat då... Pt har 4 kg forlatt meg, godt hjulpe av dårlig matlyst når eg var sjuk, målet er 8-10! Fokuset er satt på overspising, et til du er mett, men ikkje meir. Det trur eg er nok til å oppnå målet, men eg prøver også unngå for mykje usunt og held meg til reint gotteri berre i helgane...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar