søndag 2. september 2012

Sykkel i Posten!

Målet er å komme i form ved å starte med terrengsykling, samt litt bedriftsidrett! Den 15 år gml Meridaen var sliten og du store verden for ein forskjell å sykle på den nye... Den var fantastisk!

29er er voldsomt i skuddet, men etter å ha prøvd det fann eg, etter litt betekning, ut at 26er blir like greit til mitt bruk. Nakamuraen (5.0 Grade) er veldig lett, 9,5 kg og med 26er gir det ein veldig kvikk sykkel slik eg likar, kraftig og leken reaksjon... så får me heller være litt meir forsiktig i nedoverbakke sidan 29eren rullar lettare over ting enn 26er...

Grepgir frå Sram (xo) var det andre som frista meg, med denne Nakamuraen, så får me erfare litt, men første tur virka dette heilt optimalt... Dvs slik eg forventa...

Dette er ikkje noko ekstremt dyr sykkel, alu.ramme og veil pris 14.990,-, men på nettet fann eg den til under 10.000 som var smertegrensa, så den vart kjøpt på InterSport på Fagernes, veldig hyggelig betjening så får me sjå om det går greit no når eg såg at framlyset var sprekt i klaset og dermed ikkje lar seg skru fast... Ein ørliten reklamasjon som eg antar går fint!

Sjøl om du har kjøpt sykkel så er det ein del ting ein "må" ha i tillegg kan du sei:

- pedalar
- skjermar
- lys
- "horn" på styret
- flaskeholder
- hjelm
- sykkelsko
- sykkeljakke
- sykkelbukse
- bilstativ

Skal ein kjøpa alt dette nytt kjem det på mange tusen! Eg har berre sykkeljakke som er funnen brukande, resten byttes no ut i nytt, så budsjettet på 10.000 lappar rykt. Skjermar, pedalar, "horn" på styret, flaskeholder og lys kjøpte eg på Fagernes og vips var prisen var oppe i 10.800.- på døra. Sko, ny hjelm og bukse samt stativ til bilen skal eg kjøpe på XXL er planen, mykje å spare ser det ut til... Det blir minst 2.000 til så eg regnar med eg er i mål med ca 3.000 over budsjett!


Inn i stua for skruing, sjølvsagt:)
Klart for første tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar