torsdag 27. september 2012

Stord Rundt, samme dag!



I dag hadde eg planlagt å sykle til jobb og få skyss heim for meg og sykkelen i pappa sin varebil. Eg starta når det vart lyst og brukte 1 time og 19 minutt på dei vel 3 mila til Fitjar. Det gjekk ikkje så fort, men flott tur der eg ikkje måtte heilt i kjellaren!

Utover dagen byrja tanken om å sykle heim på vestsida for å ha sykla heilt rundt Stord å friste meir og meir.

Samtidig fekk eg avtale med Davide om ein sjekk av sykkelen heime hos han på Vestbøstad, etter jobb. Knall, no er det rett trykk i demparen, returen i den er justert, den var heilt feil. Ellers vart alt anna sjekka av eksperten som designa nettopp syklar i Italia før han flytta til Finland og no Norge.

Returen vest om Storavatnet via Sagvågen og heim vart tung, som venta. Men eg kan fortsatt gå og er veldig fornøyd med å ha gjort det. Fleire slike turar vert det ikkje før formen er betydelig betre, men det gjekk alt i alt overraskande bra!:)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar